Mykje av garnet eg fekk i min HUV pakke har blitt strikka opp, eg må berre få tatt litt bilete først. Du kan lese om HUV her.
Det store, grønne nøstet du ser oppe til venstre var eg svært usikker på kva eg skulle bruke til, men så slo det meg at det hadde jo i grunn ei perfekt puteform. Eg måtte spør "sjefen" for HUV om eg fekk lov til å gjere det slik og då klarsignalet kom var det berre å finne eit mønster å sette i gong. Eg tok utgangspunkt i dette mønsteret, men endra det noko for å få det til å passe, og så laga eg det meir som ei passande pute i sofaen vår. :) Banderolen på Big Ball Soft garnet er sjølvsagt ikkje inne i puta. :) I midten på det store nøstet putta eg det som var att av garnet eg strikka sjølve putetrekket med. Puta vart sydd i hop med maskesting og passar no fint på toppen av sofaen i sofakroken. Då fekk eg brukt opp 200 gram med Big Ball Soft og 100 gram med Gedifra Fashion Trend Color.
Meir info her (ravelry).
Fire nøster med Løve Garn Cocoon endte opp som eit litt hardt sitteunderlag. Då er det berre til å strikke vidare på HUV-garn. :) Eg har alt strikka opp ein del av bomullsgarnet. Solberg Glans Mohair og Rowan Denim er tomt og no er det nokre få gram att så er eg ferdig med Rowan Tapestry og. Det var berre dei bileta då....
Meir info her (ravelry).